Mentalpyroman og inspirator

21.01.2012
Mentalpyroman og inspirator
Iren Førland

Iren Førland snakkar mykje om å tenna ein brann i ungdomane som er med i Unge SPOR. Det er ingen tvil om at elden i henne sjølv brenn friskt.

Iren Førland debuterte på scena i Undheim Revyteater som niåring. Det var ikkje andre ungar med i revygruppa, men vegen hennar var staka ut. Då ho var 18, starta ho Undheim Ungdomsteater og debuterte som manusforfattar og regissør. Sidan den gong har ho sett opp 11 sjølvskrivne framsyningar i Undheim Ungdomsteater og Unge SPOR, for det meste musikalar. Ho er no aktuell som manusforfattar og regissør av musikalen Blackstone.

-Eg er veldig glad i å skriva manus, og hadde nok gjort det uansett, men når me skal setja opp ei framsyning med Unge SPOR, har me heller ikkje så mykje val. Det er ikkje lett å finna ein musikal med 45 rollar, seier ho.

 

Stolte augneblink

På ei øving i Unge SPOR vekslar Iren Førland leikande lett mellom rollene som bekymra hønemor, kommanderande drillsersjant og omsorgsfull Mor godhjarta. Det er høgt under taket, mykje engasjement og stort hjarterom. Det er slik ho vil det skal vera.

-Me ser kvarandre mykje, opplever mykje saman, byggjer kvarandre opp. Me blir som ein familie, og her er me så trygge på kvarandre at me kan vera dønn ærlege. Eg elskar det eg held på med. Det å tenna ein brann i ungdomane som er med, sjå korleis talenta blømer og vera vitne til den meistringskjensla dei opplever når me endeleg presenterer ei framsyning for publikum, er veldig givande. Eg har fått tatt del i mange si ungdomstid. Det å sjå kor stolte dei er av seg sjølve og kvarandre, det er løna mi, slår ho fast.

Sjølv om Unge SPOR skal vera kjekt og gi opplevingar, er det likevel ikkje nokon leik.

-Nei, me leikar ikkje teater. Me skal ha høg kvalitet, og me stiller krav til dei som er med. Det skal vera litt eksklusivt. Me har plass til 45 medlemmer. I år var det plass til 11 nye, men det var over 50 som stilte på audition. Det me driv med er nesten på profesjonelt nivå, og ambisjonsnivået er høgt. Ungdomane må i stor grad bidra sjølv. Dei lærer ingenting av at me gjer det for dei. Seinare i vår skal me til dømes arrangera Teaterdagane. Mykje av jobben med arrangementet fell på dei.

 

Vil ha dei tilbake

Det hender Unge SPOR får litt pes for at ikkje alle får vera med, men Iren Førland er klar på at det skal stillast krav.

-Det held ikkje at mor eller far gjerne vil at du skal prøva deg på scena. Og me ser ikkje nødvendigvis etter dei flinkaste. Me leitar etter dei som brenn for det dei driv med, fortel ho.

Når Iren Førland snakkar om å tenna ein brann i ungdomane og gi dei stolte augneblink, er det også for at dei skal hugse ungdomstida som noko positivt.

-Me ser ofte at dei som har vore med, vel å fortsetja med musikk, dans eller drama når dei skal vidare i livet. Me ser også at mange kjem tilbake til Jæren, og trur at me er ei av årsakene til det. Ofte opplever me at våre medlemmer reiser ut i verda etter vidaregåande skule, men kjem tilbake og held fram i Unge SPOR etter eit år eller to. Det er alltid gode førebilete i gjengen, og det er fantastisk å sjå kor godt dei på 15 går i lag med dei på 25, seier Iren Førland.

 

Ståande invitasjon

Iren Førland har vore så heldig at mannen ho gifta seg med brenn like mykje for teater som ho gjer sjølv. Frode er dagleg leiar i Unge SPOR. Mykje av jobben med å driva gruppa er frivillig arbeid. Men det er mykje meir enn noko dei berre gjer på fritida.

-Eg trur ikkje me skal rekna på kor mange timar me legg ned i det. Det er først og fremst takka vere det lokale næringslivet og offentlege støtteordningar me kan driva med dette. Men eg kunne ha ynskt at dei lokale politikarane viste litt meir interesse. Ikkje fordi me vil ha pengar, me greier oss økonomisk, men eg skulle gjerne ha sett at ordførarane hadde vore fluger på veggen her og sett kor flott og positiv ungdom som finst på Jæren. Og fortalt at dei sette pris på det. Dei har ståande invitasjon. Me er her kvar måndag kveld. Kultur er meir enn historie og Garborg. Me lever her og nå, seier ei engasjert Iren Førland.

-Kva draumar har du for Unge SPOR?

-Eg drøymer om at me kan skapa eit kulturforum i endå større format enn i dag, der me kan dyrka fram unge spirer med talent innan alle slags kunstformer. Eg vil ha eit Unge SPOR med studio, atelier, mykje aktivitet, full pakke. Ambisjonsnivået vårt er veldig høgt. Den viktigaste årsaka til at nivået ligg der det gjer, er at ungdomane er så flinke, slår Iren fast. Og legg til:

-Brenn dei nok for det dei gjer, så blir dei så flinke.

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Iren Førland, Unge SPOR,

Nyheter

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende dikt

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende ...

Anne Fossen, en 52 år gammel musiker, ...

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Elise Fotland er en søkende, sensitiv ...

Like om hjørnet

Like om hjørnet

Ikke la mandagen slukke lyset ditt

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

Ny bok frå Aleksander Brun: «Under Huda» ...

Tårer på strå

Tårer på strå

Tårer på strå handler om å ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...