I teddybjørnens rike

21.02.2012
I teddybjørnens rike
Boris er teddybjørnen som er starten på historia om Noas Sjark. Han blei sydd då Maibrit Madland gjekk på kurs på Sola. – Boris er urbamsen, seier Maibrit Madland sjølv.

-Det å sy ein teddybjørn, er som eit svangerskap, seier Maibrit Madland og Elbjørg Salte Førland. Dei har gått gjennom mange graviditetar og fødslar dei siste åra.

Dei to damene etablerte Noas Sjark – ei systove og utsal av teddybjørnar og teddybjørnmateriell – i ei løe på gamle Block-gården på Braut for eit snautt år sidan.

-Dette er meir enn berre handarbeid. Me får eit sterkare forhold til det me lagar når me syr teddybjørnar enn når me strikkar sokkar. Alle teddybjørnane har sjel og eigen personlegdom. Det finst ikkje to like, meiner Maibrit Madland.

-Og det er ikkje lett å planleggja korleis det endelege resultatet skal bli. Personlegdomen og uttrykket utviklar seg undervegs, men me opplever ofte at den ferdige teddybjørnen har fellestrekk med den som skal eiga den, legg Elbjørg Salte Førland til.

 

Verdas kjekkaste

Tre-fire år har gått sidan Maibrit Madland melde seg på ein studiering i Sola husflidlag. Det gjekk ikkje lang tid før ho var på tråden til veninna Elbjørg og fortalde om «verdas kjekkaste studiering». Snart var dei begge i gang med sin nye felles hobby.

-Me har halde på sidan den gong, men blir berre meir og meir hekta, seier dei to innehavarane av Noas Sjark.

Noas Sjark har sikra seg norske importrettar og agentur for teddybjørnstoff og –materiell av aller høgaste kvalitet. Det som så langt har fungert mest som ein verkstad, skal i større grad bli ein butikk. Når utstillingane i lokala er klare, vil det vera ei meir offisiell opning av Noas Sjark.

-Me legg vekt på å tilby verdas beste stoffkvalitet, og satsar særleg på mohair og alpakka. Sola husflidlag held framleis kurs for dei som vil læra å sy teddybjørnar, og det er også høve til å få råd og vink hjå oss. Me vil framleis sy og selje ferdige teddybjørnar, også på bestilling, men det er nok meir forretning i å selje stoff og materiell til andre, meiner dei.

 

Heilage fredagar

Både Maibrit og Elbjørg har jobb utanom, men kvar fredag er heilag. Då er det «teddybjørndag».

-Då er me våre eigne sjefar, og kan gjera som me vil, men me er på plass her klokka sju om morgonen kvar fredag. Fredagane er kvalitetstid. Det er her me slappar av og har det kjekt. Me blir ikkje rike av å driva med teddybjørnar, men det er kjekt å gjera hobbyen til ei lita tilleggsnæring som kan veksa seg større, seier dei.

Eit besøk i lokala til Noas Sjark understrekar at orda «teddybjørn» og «kos» høyrer naturleg i hop. Ein lyt stålsetja seg kraftig om ein skal tenkja berre på pengar og forretningar blant bamsar i ulike fargar og storleikar. Det kan bli eit problem når målet nettopp er å driva teddybjørnforretning.

-Me er nok for slepphendte med å gi vekk teddybjørnar, men me smeltar når me ser kor glade barn blir i dei. Då blir me mjuke som smør, ler Elbjørg Salte Førland.

 

Salt og Pepper

Namnet Noas Sjark er vald med tanke på at dei med tid og stunder skal laga, og selja stoff til produksjon av, kosedyr av andre dyreartar enn berre bjørnar. Dei har mellom anna designa mønster til løver.

-Men me bur trass alt på Vestlandet. Det er ingen her som byggjer ein svær ark. Me tenkte at det fekk greia seg med ein sjark, smiler Maibrit Madland.

Maibrit og Elbjørg satsar også på å utvikla kosedyr av TV-stjerner. Dei to brunbjørnungane frå Polar Zoo i Bardu i Troms, Pepper og albinoen Salt, har i vinter vore stjerner på NRK1. No vert dei også sydde på Braut.

-Me har eit mål om å gjera teddybjørnane våre meir like verkelege bjørnar, fortel teddybjørngründerane frå Braut.

Redaktør -

Nyheter

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende dikt

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende ...

Anne Fossen, en 52 år gammel musiker, ...

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Elise Fotland er en søkende, sensitiv ...

Like om hjørnet

Like om hjørnet

Ikke la mandagen slukke lyset ditt

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

Ny bok frå Aleksander Brun: «Under Huda» ...

Tårer på strå

Tårer på strå

Tårer på strå handler om å ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...