Heimehekla kosedyr med sjel

18.10.2013
Heimehekla kosedyr med sjel
Kristin Øye Ree-Pedersen

Med boka Hekkans Hekkel: Du ranglande amigurumi forfattaren Kristin Øye Ree-Pedersen (f.1980) seg føre å spreie lystig engasjement rundt den japanske heklekunsten med fylte, hekla kosedyr i gilde fargar, som fritt omsett er nettopp det amigurumi betyr.

- Eg har hatt hekledilla i mange år, men det var først etter eg sjølv vart småbarnsmor at eg verkeleg fekk auga opp for amigurumi. Eg ville vere kreativ og lage noko originalt med mine figurar og produkt, seier Ree-Pedersen.

Dette er noko langt meir enn ei bok med detaljerte hekleoppskrifter for kosedyr. Kvar figur har sitt eige namn. Vi blir mellom anna kjent med kva Malin Marihøne, Katrine Klokke, Didrik Drøymesopp, Martin Maur og Konrad Klossmajor driv på med. Ho er like glad i dei alle saman, og synest alle har like mykje personlegdom og sjarm.

Om Didrik Drøymesopp les vi:
Didrik, han er ein sopp for sin hatt
Kler seg i fargar både dag og natt
Likar seg godt i barnlege lag
og takkar for leikar av alle slag
Ønskjer du glede utan stopp
må du hekle ein drøymesopp

– Det er borna som er meint å vere hovudmottakarane av amigurumifigurane. Då blir det vel nærliggjande at det er dei hekleglade, som ønskjer å glede borna, som har lyst å prøve seg på oppskriftene. Men born sjølv vil nok òg like å sjå og blade i boka, og bli lest dei små dikta for. Hekkans Hekkel er eit tvers igjennom ekte produkt, som representerer meg hundre prosent. Ingenting i boka er tilfeldig. Kosedyra passar til born i alle aldrar, frå nyfødd til «olding». Med sine sterke, klare fargar, mjuke kroppar, ranglande lydar og gode uttrykk gleder dei både born og vaksne, seier Ree-Pedersen og held fram:
– Min pasjon for vintage/retro og gjenbruk er blitt tilpassa amigurumifigurane. Alle bakgrunnane i boka er autentiske tapet og stoff frå 60- og 70-talet, og dei fleste har ei nær tilknyting til meg, då dei kjem frå loft og kjellarar hos mine foreldre og besteforeldre, og fortel ei historie som er viktig for meg. Eg er svært glad i sterke fargar og blomemønster frå «hippietida». Eg får meir energi av å omgje meg med sterke fargar, og fine vintagemønster gjer meg ekstra glad til sinns. Det var derfor heilt naturleg at Cathrineholmskåla fekk pryde omslaget – den er både original, norsk, fargerik og har eit vakkert mønster. Med runde, gode amigurumifigurar oppi vert bildet komplett, seier ho fornøgd.

Det artige stavangeruttrykket hekkan var heilt ukjent for ein innflytta sunnmøring. Den vanlegaste tolkinga av det er rampet. Det brukast òg som et mildt kraftuttrykk. «Å, hekkan så kule,» var ein direkte reaksjon ho fekk på heklefigurane sine, og uttrykket vart raskt både ein del av vokabularen, samt namnet på bloggen til Ree-Pedersen.

Alle amigurumifigurane à la Hekkan Hekkel blir testa ut på eigne born.
– Dei elskar dei nye figurane mamma designar og lagar til dei. Favorittane har til no vore Malin Marihøne og Konrad Klossmajor. Særleg då Konrad fekk vere med på leikeplassen og ”herje” saman med dei. Då lo dei godt, seier Ree-Pedersen med et smil.

Ho er medviten om ikkje å gje kosedyra munn.
– Ved å observere ungar i leik, er det tydeleg at dei får fram sine eigne kjensler og tankar gjennom figurane dei leikar med. Det vil då vere unormalt at amigurumifiguren skal ha eit påklistra smil viss det er meir alvorlege kjensler som skal handsamast. For, som eg skriv i boka: Kkven smiler vel når dei er triste? Eg synest det er flott viss ungane kan få leike ut kjenslene sine ved å bruke mine amigurumifigurar, forklarar ho.

For Ree-Pedersen er heklinga blitt den ultimate avslappingsmetoden.
– Eg slappar best av når eg har eit handarbeid i hendene. Då vandrar tankane dit dei vil, samtidig som eg gjer noko meiningsfullt: lagar noko som kan glede andre. Å berre sitje i ro og gjere ingenting er ikkje avslapping for meg, avsluttar ho og håpar mange vil følgje hennar eksempel og lidenskap.

Redaktør -

Nyheter

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende dikt

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende ...

Anne Fossen, en 52 år gammel musiker, ...

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Elise Fotland er en søkende, sensitiv ...

Like om hjørnet

Like om hjørnet

Ikke la mandagen slukke lyset ditt

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

Ny bok frå Aleksander Brun: «Under Huda» ...

Tårer på strå

Tårer på strå

Tårer på strå handler om å ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...