Heine Grov (f.1962) vart kjøkkensjef allereie som 21-åring ved Noregs første fiskerestaurant, Enhjørningen.
Sidan har han arbeidd som kjøkkensjef ved fleire restaurantar og hotell, men er mest kjend som ”Jærkokken” og drivkrafta bak ”Det jærske kjøkken”. Han har i tillegg til kokeboka Jærkokken (2009) gitt ut matheftet NY:T i lag med Ruth-Hege Holst og boka ”Det Jærske Kjøkken” (2005) i lag med Målfrid Snørteland.
I 2006 fekk han Bryne Vels trivselspris og i 2009 vart han heidra av Rogaland Bondelag for arbeidet sitt med å løfta fram lokale råvareprodusentar og setja søkelys på kvalitet.
Heine Grov arbeider nå som freelance kokk under namnet ”Jærkokken” der han held alt frå foredrag til kurs og levering av mat til dei fleste anledningar, men alltid med fokus på lokale råvarer og produsentar, samt bruk av nynorsken.
Redaktør -