Lyrikkforlaget
Hjærdis Kristin Longva
Kva skjer når verken kvinna eller mannen klarer å ta imot den kjærleiken som kjem deira veg …?
Hjørdis Kristin Longva stiller spørsmål ved kva som skjer når verken kvinna eller mannen klarer å ta imot den kjærleiken som kjem deira veg. Dikta er djupt personlege, men treff samstundes eit breitt publikum ved at mange kan kjenne seg att i det ho skriv.
«Hjørdis Kristin Longva skriv mørkt og leikent om kjærleik, lengsel og vanskeleg kommunikasjon. Dikta grip tak i deg og held deg fast, litt sånn som forfatteren sjølv lengtar etter at nokon skal gjere. Eller gjer ho?»
- Ingeborg Rydsaa, medieviter og tidlegare journalist i BA
«Denne diktboka handlar om å pusle seg eit liv. Med hjartet på hoggstabben. Om ikkje makte å ta i mot, men likevel våge, sjølv om tvilen pakkar oss inn i tjukk skodde. Om å bli lappa saman, få tetta dei innvendige sprekkene. Og om alt vi drassar rundt på av unødig bagasje. Orda treff!»
- Kristin Maridal, forfattar
Hjørdis Kristin Longva er 52 år gamal. Opprinneleg sunnmøring og skriv på nynorsk, men har budd 32 år i Bergen og jobba som lærar i ungdomsskulen og med norskopplæring for vaksne flyktningar og innvandrarar etter åra på UIB.
BOKFAKTA:
Tittel: Terapidikt
Forfattar: Hjørdis Kristin Longva
ISBN: 9788283984378
Format: 13 x 20
Antall sider: 64
Innbinding: innbundet
Utsalgspris kr 298.00
Redaktør -