Lyrikkforlaget
Svein Førde
«Slik det er …i rim og rytme». - Svein Førde
Som i mine førre bøker er føremålet med dikta mine å skape hygge, gjenkjenning og fellesskap både for meg sjølv og mine lesarar. Lesaren skal kunne tenke at dette kunne skjedd «meg». Eg vil være ukomplisert og tilgjengeleg. Dersom det går an å seie at det daglegdagse er dèt.
«Svein Førde er min FB-venn. Han skriver noen fantastiske dikt på nynorsk om alt han tenker på og opplever. Det er en fryd å lese dem. Takk, Svein».– Rigmor Blix
«Du inspirerer med din kvardagslyrikk. Du skriv hustavler for korleis vi bør leve utan å gi oss påbok. Du får oss til å tenkje sjølv. Det får meg til å tenke både på Øverland og Olav H Hauge. Eg er imponert. Orda glir lett». – Bernt Kristian Holtan
Svein Førde (f. 1951) er busett i Breim, Gloppen kommune i Vestland, og har bakgrunn som toppidrettsutøvar, fagforeiningsleiar og politikar. Han løfter vekter, dreg på åra og skriv dikt om det alminnelege. Gav ut Feelgood på nynorsk i 2021 og Sant og sånt i 2022.
BOKFAKTA:
Tittel: Med andre ord - meir feelgood
Forfattar: Svein Førde
ISBN: 9788283984354
Format: 13 x 20
Antall sider: 80
Innbinding: innbundet
Utsalgspris kr 298.00
Redaktør -