Harens år

01.10.2004
Harens år
Harens år

av: Arto Paasilinna.Oversett fra finsk av Nøste Kendzior, Aschehoug forlag, 159 sider, 2004.

Finland på 1970 talet. I ein bil gjennom skogane på veg heim til Helsingfors sit journalisten Vatanen og fotografkollegaen hans. Dei kranglar, er misnøgde med livet og føler seg lurte.Brått spring ein hare ut i vegen. Haren blir påkøyrd av desse to trøytte, halvgamle og gretne mennene. Dei stoppar og ser at haren har ein brukken fot. Journalisten går ut og reddar hareungen for så å forlata alt; fotografen, jobben, kona og seglbåten i Helsingfors.

Boka tek på ein lun og humoristisk måte opp det å vera mann i førti-femti åra og misnøgd. Brått kjem denne haren inn i livet hans, og han føler meining og nytte.Kvifor?

Dette er ei bok som handlar om ein liten hare, om einsemd, om eit gammalt lik, om tilhøyrsle, om barmfagre damer, om identitet, om ei ku og ein kalv og ein bjørn men aller mest om meininga med livet.

Boka kom ut i Finland i 1975 og blei gjennombrotsromanen til Arto Paasilinna.No i 2004 blei boka endeleg oversett til  norsk. Kva er det i tida som gjer at bøker om menn i midtlivskrise har blitt så populære.?

Den siste tida har både Erlend Loe med "Doppler",Ingvar Ambjørnsen med  "Innocentia Park" og Arne Berggren med "Advent" skrive om dette. Dersom nokre av desse bøkene fall i smak, vil truleg Harens år og gjera det. God lesing!

 

Av Gro Elisabeth N Reime

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Harens år, Arto Paasilinna,

Nyheter

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende dikt

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende ...

Anne Fossen, en 52 år gammel musiker, ...

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Elise Fotland er en søkende, sensitiv ...

Like om hjørnet

Like om hjørnet

Ikke la mandagen slukke lyset ditt

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

Ny bok frå Aleksander Brun: «Under Huda» ...

Tårer på strå

Tårer på strå

Tårer på strå handler om å ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...