To kveldar i månaden samlast trauste jærbuar til øvingar i stildans på Bore samfunnshus. Ein kveld i november kvart år blir dei forvandla til pene hoffdamer og adelsmenn.
Stildans var fiffen sin dans i 1800-talets Noreg. Den oppsto på storgardar og i finare krinsar på austlandet, men hadde sitt utspring frå hoffa i England og Frankrike. Stildansen har nokre likskapar med den meir folkelege, norske dansetradisjonen, men vel så mykje med fransesar, vals og franske menuettar. All stildans er koreografert.
-Stildansen inneheld både rekkjedansar, pardansar og kvadriljar. Pardansen er ein variant av vals. Det var nok viktig for overklassen at det var eit tydeleg skilje mellom deira dans og springarane dei lågare laga av folket dansa. Det er mykje bukking og neiing i danseturane, fortel danseinstruktør Ingrid Oftedal Gjesdal.
Sette spor
Stildansmiljøet på Bore fekk sin spede start som eit SPOR-prosjekt i samband med at Stavanger var europeisk kulturby i 2008. Folk frå folkedansmiljøet på Jæren sette i gang med å finna musikk, klede og dansar til eit flott ball.
-Me øvde eigentleg berre til eitt ball og ei framsyning. I stildans kler me oss fint, så me arrangerte sykurs der folk fekk sy sine eigne ballklede. Då det heile var over, og det var mykje snakk om at SPOR-prosjekta skulle setja spor i det lokale kulturlivet, fann me ut at me ville halda fram med stildans, seier Ingrid Oftedal Gjesdal.
I dag er det rundt 60 dansarar som deltek på dei faste øvingane på Bore samfunnshus. Stildansfolket har også eige salongorkester under leiing av Tor Anton Haarr.
-Det er eit aktivt miljø, men me har god plass til fleire. Brorparten av medlemene våre er i alderen 50-70, som i folkedansmiljøet elles. Me har ingenting imot yngre folk om dei finn vegen til oss, understrekar Oftedal Gjesdal.
Rundt på ball
Høgdepunktet for dansarane er det årlege ballet i november, men dei ivrigaste får gjerne med seg fleire ball rundt om. For det er slett ikkje berre på Bore at folk dansar stildans.
-Det er mange lag som dansar stildans, og folk frå vårt lag reiser stundom på ball andre stader. Me har også folk på besøk frå andre lag på våre ball. Stildansball er til dømes fast innslag på Nordsjøfestivalen i Farsund, og i år er Steinkjer arrangør av eit stort nordisk ball. Det er eit nettverk av lag som held kontakt med kvarandre, fortel Ingrid Oftedal Gjesdal.
Danseinstruktøren Oftedal Gjesdal kjem frå folkedansmiljøet. Ho hadde ikkje erfaring med stildans før SPOR-prosjektet tok til, men anbefalar det gjerne til andre.
-Det har vore nytt for alle som er med på Bore, men dansarane er flinke. Dette er dansar som må lærast skikkeleg. Det legg me vekt på, seier ho.
Redaktør -