Monster under senga

21.02.2012
Monster under senga
Slangar er skumle, og i «Monster under senga» er slangen plassert i eit orientalsk miljø med både slangtemmarar og magedansarar.

I Breidablikk kulturbarnehage på Nærbø er det for tida små monster i alle krokar og under alle senger. 9. og 10. mai kan publikum sjå monstra på Jadarheim.

Det er to og eit halvt år sidan kulturbarnehagen hadde suksess med framsyninga «Julekort». Den gong i samarbeid med Britt Synnøve Johansen som gjestesolist. I år er det Sture Mønnich som er hyra inn som solist. Men dei største stjernene er likevel 43 born i alderen 1-6 år.

-Alle er med på minst tre nummer undervegs i framsyninga. Dei synest det er veldig kjekt. Me har lagt vekt på å gi alle oppgåver som passar til det dei er best på – både på scena og no under førebuingane, seier styrar i barnehagen, Perly Elin Sjøen.

 

Proft nivå

I tida mellom dei to teaterproduksjonane, har kulturbarnehagen vist seg fram med andre uttrykksformer.

-Det er viktig å variere uttrykksformene. Me har mellom anna halde kyrkjekonsert og fotoutstilling, fortel Perly Elin Sjøen.

Men når Breidablikk kulturbarnehage satsar på å presentera scenekunst, er det ikkje berre gjestesolisten som bidreg til å skapa eit proft sluttresultat. Lyd og lys og teknikk er det også proffar som tek seg av. Camilla Ystanes og Ragnvald Wernøe frå Hå kulturskule har tatt seg av jobbane med instruksjon og skriving av tekst og musikk.

-Me trur publikum vil bli overraska over kor proft nivået på framsyninga er. Det er teamet her i barnehagen som står for produksjonen elles, og alle dei tilsette er også med på scena, seier Sjøen.

-Det er også dei som har ansvaret for logistikken bak kulissane. Det er travelt når så mange småborn skal inn og ut av scena, og i tillegg gjerne har fleire kostymeskift, legg ho til.

 

Meir fengande

For det blir ein del scene- og kostymeskift når dei fleste ting born er redde for skal presenterast på scena. Cecilie Obrestad fekk ideen om å laga ei framsyning basert på monster under senga etter å ha lese boka «Løver under sengen» av Finn Zetterholm. Prosessen starta med at borna var med på idemyldring, og definerte kva som var skummelt.

-Så her er det slangar, krokodillar, tigrar og andre dyr – men også piratar, spøkelse, troll og skjelett og mykje anna skummelt, ramsar ho og kollega Siri Sinnes Tjensvoll opp.

Alle dei skumle dyra og skapningane er også plasserte i eit miljø undervegs i framsyninga. Det gjer at publikum får kjennskap til både sjørøvarøyar og Austens mystikk. For å nemna noko.

-Julekort var litt meir konsertprega. Denne gongen er det meir handling og drama. Framsyninga inneheld både song, musikk, dans og film. Me trur «Monster under senga» vil fenga publikum endå meir enn «Julekort» gjorde, seier Perly Elin Sjøen.

 

Fire fulle hus?

Både personale, ungar og foreldre har hatt mykje arbeid med kulissar og dei mange kostymane. Det er ikkje få hender som har vore i aktivitet for å sikra eit best muleg sluttresultat. Breidablikk kulturbarnehage satsar på å spela for fire fulle hus.

-Me opp framsyningar for andre barnehagar på dagtid, og ordinære framsyningar med billettsal seinare på ettermiddagen. Det hadde vore kjekt om borna fekk spela for fulle hus, så eg oppmodar alle om å leggja turen til Jadarheim 9. og 10. mai, reklamerer Perly Elin Sjøen.

 

Redaktør -

Nyheter

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende dikt

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende ...

Anne Fossen, en 52 år gammel musiker, ...

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Elise Fotland er en søkende, sensitiv ...

Like om hjørnet

Like om hjørnet

Ikke la mandagen slukke lyset ditt

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

Ny bok frå Aleksander Brun: «Under Huda» ...

Tårer på strå

Tårer på strå

Tårer på strå handler om å ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...