Randi Engelsvold med ny singel

08.05.2015
Randi Engelsvold med ny singel
www.randi-engelsvold.com
Randi og broren Arild Engelsvold fotografert på Loen i 2011.

Singelen "Av og te" er eit samarbeid mellom søskenbarna Randi Engelsvold (m band) og Martha Elisabeth Landa.

Randi Engelsvold frå Verdalen i Klepp har hatt gleda av musikk og skriverier gjennom heile livet, men det
var først frå 2007 at ei gryende lidenskap for å lage eigen musikk og synga tok til, og etter kvart har blitt
ei interesse som gradvis har fått større plass i Randis liv. Ho opplevar at å lage musikk både gjev avkobling
og ny energi.


Det har til no blitt 2 cd-utgjevingar, og 7 singler. Begge cd'er har fått terningkast 5 og gode omtaler. Randi
lagar alle melodier sjølv, og arrangerer dei saman med sine gode bandmusikere Hans Berge Stokkeland,
Kjetil Fjelde, Ørjan Kjos og Knut Egil Kristiansen. En kreativ gjeng som får til spanande musikalske
resultat.

Inge Engelsvold (Martha sin bror og Randis søskenbarn) har vert ein stødig studioprodusent på nesten all
musikk Randi har spelt inn, og han har lang erfaring i sitt arbeid med musikk. I dei siste åra har Randi hatt stor glede av å tonesetta andre sine tekster, som dikt av skribent og lyriker Sverre Telstø, Heidi Strand Harboe, og nå også Marthas tekst "Av og te". Randi har vært veldig fasinert av søskenbarnet Martha sin enorme kreativitet i kunsten, og no også i hennes nyskrevne tekster.

 Det er som Marthas tekster tek meg i ei ny musikalsk retning, ein ny innfallsvinkel i tekst som oppleves veldig inspirerande Det er fleire melodier med hennar tekster som er under "modning". Men alt tek den tida det treng. Kvar låt er som små eigne prosjekter, nokon tek lang tid mens andre fell fint på plass mest heilt på eiga hand Livet byr ofte på så mangt, og teksten på denne singelen beskriv dette på ei utilsløra og ærlig måte. Refrenga er som små lyriske pusterom, der teksten gjer ei herleg vending. Eg opplever også teksten som ein aktuell refleksjon i dagens noko oppjaga samfunn. Det er veldig kjekt å få lov til å gje ut denne singelen isaman. Eg vil takka både Martha og bandet. seier Engelsvold.


Martha Elisabeth Landa er oppvakse på Ganddal. Dei siste 6 åra har ho budd på Kypros, kor ho har hatt tid å dyrka sin lidenskap for kunst. Martha har og bidrege med coverdesign til Randi sine CD utgjevingar og mener sjølv at ho er ein av Randis største fan.

– Eg hadde heilt gløymd at eg ofte dikta og song som barn, hadde vel fått det føre meg at eg var «bildeorientert». Når Randi foreslo at eg skulle skriva noko, virka det utfordrande og spanande. Ein dag etter ein god samtale, var det ei setning som ble «hengande» igjen. Eg sat meg ner og skreiv. Deretter blei eg beten av basillen. Kanskje det no og då finnes nokon originale tanker... Teksten i "Av og Te" handler om å ver litt høgt oppe og litt langt nede. Som kreativ sjel er desse svingningene både gode og av og til meir utfordrande. "Plukka bjørnebær" og "mala veggen gul og blå" er metaforer for å søka naturen og gjenfinna balansen. Det er uansett utruleg kjekt å høyra Randi og det fantastiske bandet synga og spele etter min tekst!».

Det har vært mykje kunst og musikk i familien Engelsvold i alle år, men det er først dei seinare år at det har ført til samarbeid.

Redaktør -

Nyheter

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende dikt

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende ...

Anne Fossen, en 52 år gammel musiker, ...

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Elise Fotland er en søkende, sensitiv ...

Like om hjørnet

Like om hjørnet

Ikke la mandagen slukke lyset ditt

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

Ny bok frå Aleksander Brun: «Under Huda» ...

Tårer på strå

Tårer på strå

Tårer på strå handler om å ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...