Fullmånekonsertene i Orre Friluftshus er svært populære. Hver fullmånedag siden 2002 har artister fra inn- og utland opptrådt for nesten fulle hus. Det har også vært rom for ekstrakonserter.
Orre Friluftshus rommer bare 100 tilskuere, så det ligger an til intime konsertopplevelser i høst. Navn som Jolly Jumper og Garness står på plakaten. En riktig godbit finner vi i november, hvor Torstein Obrestad fremfører nye sanger med tekster av Klepps egen dikter, Torvald Tu. Vi bringer det komplette programmet fram til desember:
Tirsdag 24. august
Consona - Litauisk trekkspillorkester
Anerkjent trekkspelorkester som er sett saman av musikklærarar frå Vilnius-regionen. Med seg har dei òg den profesjonelle operasongarinna Natalja Krauter. Repertoiret inneheld både klassisk og populærmusikk, samt folkemusikk frå både Noreg og Litauen.
Torsdag 24. september
Skjelvekommode
Eit nytt spanande band sett saman av allereide etablerte artistar. Tekstar, vokal og gitar: Frank Tønnesen alias «Tønes». Melodiar, vokal og gitar: Frode Strømstad frå «I was a King». Ole Reidar Gudmestad på bass, Morten Jackman på trommer og Erlend Aasland på gitar, steel og diverse.
Lørdag 23. oktober
Jolly Jumper & Big Moe
«Blues from Hell»! Hell i Stjørdalen altså. To nord-trønderar som grev fram djupe røter. Munnspelarven frå Sonny Boy og James Cotton er tydeleg i Kjell Inge Brovoll sine tonar. I
gitarspelet til Jan Erik Moe kan ein høyre spor av legendene Lightning Hopkins og Mississippi John Hurt. Han speler òg dobro og mandolin.
Søndag 21. november
Månesyll & tonegull - tekstar av Torvald Tu
Torstein Obrestad har tydeleg ei utømeleg kjelde av gode melodiar. Tidlegare vist med utgjevingane til «Jærrock» og «Lappeteppe». Nå nye songar med tekstar av Klepp sin eigen diktar Torvald Tu. Saman med vokalist Anita Bekkeheien og andre lokale musikantar held Torstein «releaseparty» for ny CD på Fullmånekvelden.
Tirsdag 21. desember
Garness - julekonsert
Ei av dei mest solgte, omtalte og kritikerroste juleplatene i 2009 kom frå tvillingane Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad. Originalskrivne og tradisjonelle julesongar i ei fornyande og spanande innpakning. Ingelin på gitar og mandolin, Hildegunn på autoharp, klokkespel, tangentar og perkusjon og Tor Egil Kreken på bass og banjo. Og vakkert syng dei alle.
Tom Gaudland
Redaktør -