Me går alle gjennom fasar i livet, nokre lyse og fulle av glede, og andre dystre og fulle av sorg. Denne boka er ei samling av tankar som har vist forfattaren ein veg ut av dei dystre fasane.
John Skjørestad er født på årets mørkaste dag i 1979. Han er oppvaksen og har vore busett stort sett heile livet på Ålgård i Rogaland. Han har studert språk og sosiologi ved Høgskulen i Stavanger, og vier nesten all si tid til frivillig arbeid i Norske Redningshunder, og saman med hunden Ask leiter han opp menneske som går seg bort i skogen, på fjellet, i snøskred og i katastrofeområde. Interessa for å skrive dikt oppstod allereie på ungdomsskulen, og blei etter kvart ei form for terapi som har gitt god hjelp i vanskelege periodar. John finn inspirasjonen til dikta sine i den norske naturen og mystikken der.
Tittel: Vegen tilbake
Forfatter: John Skjørestad
ISBN: 9788282515580
Format: 13 x 20
Antall sider: 64
Innbinding: Iinnbundet
Utsalgspris 198kr
Anna Hovhannisyan