Godt å få det ut. Drøs i utval 2
Knut Straumstøyl er nå aktuell med boken Godt å få det ut. Drøs i utval 2.
Gjennom snart 20 år har ”Drøset” vore fast innslag i Bygdebladet for Randaberg, Rennesøy og Kvitsøy. Stykka inneheld tema om det meste som skjer rundt oss, både lokalt og litt utanfor vår eigen hage. Inspirasjonskjeldene kan vera så mangt – så vel folk flest som firføtte og flygande, politikarar og kongelege. Av og til blir ting sett med litt fininnstilte briller, og andre gonger er folk og hendingar vurderte frå ein meir skrå vinkel. Så ein bør gjerne ikkje forstå alle drøsa heilt bokstavleg, men det gjer heller ikkje noko. Fyrste samlinga med drøs kom i 2015 og hadde tittelen ”Bare så det er sagt”. Med bok nummer to blir det sagt endå litt meir. Kor vist det er, blir det opp til lesaren å vurdere.
Knut Straumstøyl er født i Vinje i Telemark i 1941. Han kom til Randaberg som lærar i 1968. Frå 1975 jobba han som lokal journalist. Straumstøyl har dessutan fram til dato skrive mellom anna prologar, kåseri og songar i ulike samanhengar. Straumstøyl fekk i 1982 Randaberg kommunes kulturpris - dessutan Pensjonistprisen for 2012. Han er gift og har fire born og ni barneborn.
Tittel: Godt å få det ut. Drøs i utval 2
Forfatter: Knut Straumstøyl
ISBN: 9788282334495
Format: 13 x 20
Antall sider: 74
Innbundet
Anna Hovhannisyan