Lutefisken vert svært god dersom du steiker den i langpanne i omnen.
Berekn omlag eit kilo lutefisk per mann. Det høyres mykje ut, men du skal bare sjå at det går med. Legg lutefisken med skinnet ned i ei langpanne. Strø over salt, ca ei halv matskei per kilo. Dersom du likar den ekstra fast i fisken kan du la fisken ligge to timar i langpanna før du sett den i omnen. Kverne på pepar. Dekk over med aluminiumsfolie. La fisken stå midt i steikeomnen ved 225 grader i 30-40 minutt. Hell krafta forsiktig av. Du skal kunne ”bla” fisken når du trykker på den, så sjekk den undervegs i omnen med å løfte på folien.
Tilbehør
Bacon er viktig tilbehør. Rekne 50 g bacon pr person. Skjær baconet i små terningar. Steik baconet i steikepanne utan feitt slik at det vert saftig, sprøtt og godt. Smelt i 50 g smør pr person og bland .
Ertestuing
3 dl tørre grøne eller gule erter, eg likar best gule
vatn
100 g smør
Salt
Kverna pepar
Hell kaldt vatn på ertene, dobbelt så mykje vatn som erter og la dei ligge i vatn natta over. Kok dei møyre i nytt vatn, så mykje vatn at det dekker ertene. La ertene koke til vatnet forsvinn og at du kan røre dei sundt med ein visp. Rør inn smøret. Smak til med salt og nykverna pepar. Hugs å røre undervegs
Server med kokte mandelpoteter, ringerikspoteter eller småpotet frå Anda på Klepp. Hugs å trekke potetene i mykje vatn; trekke ikkje koke. Desse potetene er små og treng ikkje lang tid, 15 – 20 minutt.
Server glovarm lutefisk på tallerken med ertestuing, baconfeitt og potet.
Jærkokken Heine Grov
Redaktør -