Forlagshuset Commentum
Kristian Hagestad
Kva står att av Jugoland?
Jugoslavia hadde eit nært forhold til Noreg og nordmenn. Dei to landa, som geografisk var plasserte i to hjørne av Europa, utvikla tett samarbeid og kontakt. Under den kalde krigen var vennskapet mellom den sosialdemokratiske NATO-staten og den kommunistiske eittpartistaten eit unikt fenomen. På 1990-talet gjekk Jugoslavia i oppløysing. Brutale krigar utspann seg. Sju nye statar oppstod. Korleis blei Jugoslavia til? Kva var bakgrunnen for vennskapet med Noreg? Kvifor sprakk Jugoslavia? Korleis har dei sju nye statane utvikla seg? Kva har skjedd med relasjonen til Noreg? Kva står att av «Jugoland», dei positive elementa i arven frå Jugoslavia? Boka gir svar på mange spørsmål nordmenn kan stille om Jugoslavia og nye Balkan-land.
Kristian Hagestad (f. 1946) er frå Agder. I meir enn femti år har han følgt utviklinga i det tidlegare Jugoslavia gjennom eit trettitals opphald i området, personlege kontaktar og regionale media. Han har skrive ei rekke kronikkar i media om temaet. I ni år hadde han oppdrag i eks-Jugoslavia for menneskerettsutvalet i Den norske legeforening. Hagestad er lege med spesialitet i samfunnsmedisin og var fylkeslege i Vest-Agder i 24 år. Tidlegare har han utgitt og bidratt til bøker innan helsefag.
BOKFAKTA:
Tittel: Jugoland. Om Jugoslavia, nordmenn og nye land på Balkan
Forfatter: Kristian Hagestad
ISBN: 9788284161624
Format: 17 x 24
Antall sider: 320
Innbinding: innbundet
Utsalgspris kr 449.00
Redaktør -