Lyrikkforlaget
Svein Førde
Eit nikk at «Ja, akkurat slik er det …»
I Sant og sånt vil du kjenne naboen att i mykje, le av litt, rynke panna av anna, og kanskje rødme lett når du innser at det ikkje berre er naboen som er til å kjenne att. Førde har det observante blikket for den andre sida av saka, og han diktar og deler utsikt og innsikt raust på rim. Dikta er for det meste ukompliserte og tilgjengelige, dersom det går an å seie at det daglegdagse er det.
Boka er ein frittståande oppfølgar til FEELGOOD PÅ NYNORSK, og begge bøkene er godt eigna både til å lese i godstolen og i forsamlingar.
Svein Førde (1951) bur i Breim, Gloppen kommune i Vestland. Han har bakgrunn som toppidrettsutøvar, fagforeiningsleiar og politikar, dreg på åra og lever eit ganske alminneleg liv. Den første diktboka hans, Feelgood på nynorsk, kom i 2021.
BOKFAKTA:
Tittel: Sant og sånt - meir feelgood på nynorsk
Forfatter: Svein Førde
ISBN: 9788283982718
Format: 13 x 20
Antall sider: 80
Innbinding: innbundet
Utsalgspris kr 249.00
Redaktør -