Lyrikkforlaget
Hans Günther Bonenberger
Normal - kven er det?
I den andre diktsamlinga til Hans Günther Bonenberger, som også innheld epistlar og songtekstar, er emna stort sett natur, dyr, menneske, kjærleik, politikk og historie.
Dikta i boka varierer mellom dei meir tradisjonelle og dei moderne. Som i diktet Dråpe, der det synlege brått forsvinn for augo med eit plopp eller diktet Holmar i havet, der menneske ikkje alltid spelar på lag med naturen.
Bonenberger skriv og om ei kvit lilje som kjenner seg utanfor fellesskapen, og med diktet Høytørkeseng freistar han å visa ved hjelp av bilete, tilbakeblikk i tida, kva som måtte til for å overleva, men samstundes og å leva.
Hans Günther Bonenberger er fødd 1950 i Neuruppin (DDR). Saman med mor og søster flykta han til Vest-Berlin i 1955. I 1957 vart han send på feiteferie til Noreg som Berlinerbarn og bortadoptert der. Bonenberger debuterte med diktsamlinga Lealaus grind – Alt heng saman i 2022.
BOKFAKTA:
Tittel: Høytørkeseng. Den som ein gong har hesja ...
Forfattar: Hans Günther Bonenberger
ISBN: 9788283983173
Format: 13 x 20
Antall sider: 58
Innbinding: innbundet
Utsalgspris: kr 279.00
Redaktør -