Lyrikkforlaget
Rikke Gürgens Gjærum
Barndom, ungdom, vaksenlivet og alderdommen rommar eit hav av moglegheiter og ei rekkje val.
Og tida er knapp ...
Livet er ein unntakstilstand.
Eg er nokon, du er ein annan.
Ein annan - for meg.
I pusten og i røyndomen fell me begge på plass i verda.
Slik verda blei akkurat for oss.
Det kunne likevel vore annleis.
Nett når du trudde at
livet fossa av garde
stoppa det opp.
Stod stilt.
Dirra.
Kva er augneblinken
i eit minne?
Kvar blei dei lange linjene
viska ut?
Dette er ei kortprosabok med røyndomsnærvær.
Kjensle av lytting etter kva eit liv er eller kan vere. Lytting bakover, framover, utover og innover,
framfor graving etter eit minne.
«Eg leser Helge Torvund mellom linjene her. Det borger for kvalitet. Kanskje kan denne debutanten bli den neste stjerna mellom nordlysflammene?»
- Sølvi Ytterstad, lyriker
«Noen tekster ber om å bli lest, grunnet på, tatt på. Inhalert. Og lest om igjen. Det er bare å takke for at noe så fint og helstøpt kommer ut i verden.»
- Ola Bremnes, sanger og sangskriver
Rikke Gürgens Gjærum (f. 1972) er busett i Harstad der ho er viserektor for UiT- Noregs arktiske
universitet. Ho professor i drama/teater og har i 25 år vore faglitterær forfattar og forska på kunstfag,
utanforskap, omsorg og pedagogikk. Ho er lyrikkdebutant, men har gjennom heile karrieren arbeidd
med kunstbasert forsking, gjennom iscenesetjingar, manus, dikt og noveller.
BOKFAKTA:
Tittel: Portretter av transformert lytting
Forfattar: Rikke Gürgens Gjærum og Britt Marie Bye (ill.)
ISBN: 9788283983623
Format: 20 x 13
Antall sider: 90
Innbinding: innbundet
Utsalgspris kr 349.00
Redaktør -