Mellom jord og himmel - Veks mange blomar

11.04.2024
Mellom jord og himmel - Veks mange blomar
Lyrikkforlaget
Mellom jord og himmel - veks talløse blomar

Mellom jord og himmel, veks tallause blomar: Dei er du, dei er eg, dei er stjernestøv, dei er fødd til jorda, dei er verdas blomar, berre ein, er den eine deg - .

I den tredje diktsamlinga til Bonenberger, skriv han om det å vera i livet, sett i det små og i det store, som i diktet Sjå ein maur der han spør; flittig liten kven er du…eller i diktet Om Gud er alt på jorda… der han undrar seg over livet og gneisten som held mennesket oppe.


Epistlane og songtekstane til Bonenberger, har mykje humor i seg, som i Syklande Birgit og Han kom og han gjekk, her er det berre å gi seg over. I songen om Plank, plank, plank, kan rockefoten kjennast.


Med dikta Klikkemeister og Selfiedikt, går Bonenberger i rette med samtida, der støy og atter støy, trengjer stilla til side. Tittelen på boka seier sitt; Mellom jord og himmel, veks tallause blomar: Dei er du, dei er eg, dei er stjernestøv, dei er fødd til jorda, dei er verdas blomar, berre ein, er den eine deg -.

 

Hans Günther Bonenberger er fødd 1950 i Neuruppin (DDR). Saman med mor og søster flykta han til Vest-Berlin i 1955. I 1957 vart han send på feiteferie til Noreg som Berlinerbarn og bortadoptert der. Bonenberger debuterte med diktsamlinga Lealaus grind – Alt heng saman i 2022, og kom med Høytørkeseng
i 2023.

 

BOKFAKTA:

Tittel: Mellom jord og himmel - Veks mange blomar

Forfattar: Hans Günther Bonenberger

ISBN: 9788283983920

Format: 13 x 20

Antall sider: 50

Innbinding: innbundet

Utsalgspris kr 279.00

 

Redaktør -

Nyheter

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende dikt

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende ...

Anne Fossen, en 52 år gammel musiker, ...

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Elise Fotland er en søkende, sensitiv ...

Like om hjørnet

Like om hjørnet

Ikke la mandagen slukke lyset ditt

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

Ny bok frå Aleksander Brun: «Under Huda» ...

Tårer på strå

Tårer på strå

Tårer på strå handler om å ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...