Etter å ha fotografert løer i Klepp på sykkelturar kringom i kommunen for å sikra meg historiske motiv av bygg som etter kvart har utspunne sin rolle på gardane, har eg fått eit nytt, interessant og mest audmjukt syn på desse bygningane.
For kva har eg funne ut? Jau, løene finst i alle størrelser og aldrar, alle fasongar, alle fargar, og med tilbygg og siloar i mange stadier. Alle har eigne særpreg, er beint fram som ”kunstverk” tileigna kvar sitt gardstun. Spreidde ut i jærlandskapet under vid himmelkvelv. Trygge i kvar sin ståstad. Viser til gardbrukarar i framdrift, med tru på sitt frå lange årtider tilbake til i dag. Kvar generasjon har lagt til nye nødvendige rom, rive det falleferdige ned, malt på nytt i ulikt fargespel, auka på med husdyra og skapt ny trivsel i løa si.
Me veit alle at alle desse løene i framtida skal mista sin identitet. Svære og mange mål vide industriløer vil overta, men nå liggjande i få tun. Andre vert erstatta av høgbórne byggjekompleks i rad og rekkje. Skal ordet løe ut or språket til jærbuen i neste generasjonar? Der er fare for det.
Her er lagt fram eit knippe ”løemalerier” i Klepp som dei står anno 2012.
Svein Efteland
Klepp historielag
Redaktør -