Anne Lise Winther (til venstre) og Gyril Eriksen har flytta ut av mørket og inn i lyset, sjølv om dei berre har kryssa gata.
Like før påske opna A. Tjemsland AS på Bryne ny butikk på gamle trakter. Seks år etter brannen som gjorde butikken til ein oskehaug, kunne dei flytte inn i nybygget.
Det er ikkje tvil om at kundane sette pris på å ha over hundre år gamle butikken tilbake der dei høyrde heime, og i lyse og moderne lokale.
-Me har fått masse skryt over dei nye lokala. Dei første dagane etter opninga såg det helst ut som ein blomsterbutikk. Det strøymde på med blomsterhelsingar frå både privatpersonar og andre butikkar i Bryne sentrum. Heilt sidan me opna er det mange som har vore innom og sagt at dei dessverre ikkje skal ha noko i dag, men berre måtte innom og sjå korleis det var, fortel Anne Lise Winther.
Dagleg leiar Svein Tjemsland er også overvelda over interessa blant folk flest. Han synest det er godt å vere heime igjen etter å ha halde til i leigde lokale i fem-seks år.
-Folk er glade for å kjenne igjen den same, gamle butikken, og me er glade for å ha flytta ut av eit mørkt hol og inn i lyset, seier han.
Sjølve butikken er stort sett heilt klar etter utbygginga, men i kiosken må det gjerast nokre val, seier han. Ei viktig årsak er den nye uteplassen.
-Me får eit fantastisk uteområde på Bryne torg når utbygginga er ferdig. Me må tenkje litt over korleis me skal nytte det, og kva me skal tilby av mat i kiosken. Bryne torg blir veldig mykje finare når me og andre er ferdige med våre utbyggingar. Eg håpar at Time kommune følgjer opp med å gjere torget så bra som det bør vere, oppmodar Svein Tjemsland.
Redaktør -