Bygging og bønder

01.08.2005
Bygging og bønder
Egil Garvik i Block Watne viser stolt fram ein modell av det som skal bli bustadfeltet Kleppestemmen. Dei første bustadene skal etter planen stå ferdige i 2007.

Jæren er ikkje lenger berre jord, stein og strand. Det har etter kvart blitt ganske så folksamt her. Byggeaktiviteten er stor om dagen, og fleire nye bustadprosjekt er under planlegging. Men bøndene er litt bekymra.

-  Det er svært så hektisk her for tida, er svaret frå byggeteknisk avdeling i Klepp kommune. Her blir alle nye byggeprosjekt i kommunen sendt inn for gjennomgang og eventuell godkjenning. Fleire godkjende byggeprosjekt blir ramsa opp. Eitt av dei største er det planlagde bustadfeltet sør for Kleppe sentrum.

- Her skal det komme godt og vel 300 bustadeiningar i løpet av dei neste åra, fortel distriktssjef for Block Watne Jæren, Egil Garvik. Målsettinga er å starte opp med å bygge dei første husa tidleg neste år. Salet av bustadane startar i desember, og bustadfeltet har fått nemnet Kleppestemmen. Det som er spesielt med det planlagde bustadfeltet, er at det mellom anna skal byggast 21 seniorbustader.

- Dette skal bli hus spesielt tilpassa eldre menneske. Det skal bli bustader der dei kan leve livet ut, utan å vere nøydde til å flytte på aldersheim. Dei vil bli på eitt eller to plan med heis. Og så vil det vere fellesrom med stove, kjøkken og hobbyrom, fortel Garvik ivrig. På feltet skal der òg byggast hus for dei som er i den andre enden av livet, såkalla etableringsbustader.

- Det er desse og seniorbustadene vi skal starte med å bygge. Seinare vil det komme fleire einebustader, rekkehus og lavblokker på feltet, seier distriktssjefen. Vi skal òg lage plass til eit stort friområde på feltet, slik at det blir kort veg til naturopplevingar for bebuarane. Dei vil få ein fantastisk utsikt, hevdar han.

 

Skeptiske bønder

Der dei framtidige bebuarane på Kleppestemmen om nokre år kan nyte den fine utsikta, var det før dyrka mark. Mange bønder i området ville denne skulle stå urørt, og det var ikkje konfliktfritt då det planlagde bustadfeltet skulle godkjennast av lokalpolitikarane. Det blei til slutt eit ja til prosjektet, men mange bønder på Jæren ser med bekymring på den aktive bustadbygginga i distriktet.

- Vi ynskjer ikkje at det skal byggast bustader på produktiv jord, og vi føler at respekten for grensene som er sette når det gjeld bustadutbygging på denne jorda er moderat i kommunane, seier Svein Helge Harbo i Rogaland Bondelag. Vi fryktar at dei vil prøve å forskyve grensene for å bygge fleire bustader. Nå finst det ein reguleringsplan som seier noko om kor ein kan bygge, men vi går inn for ei meir restriktiv jordvernelinje enn det denne planen legg opp til, understrekar han.

 

Regulering

Men sjølv om det for tida er hektisk på byggefronten på Jæren, kan ein ikkje sette opp nye hus når og kor som helst. Det finst som nemnt ein reguleringsplan.  Fylkesdelsplanen for langsiktig byutvikling på Jæren gjeld for dei førti neste åra. Planen understrekar at landbruksjorda skal sparast, og opererer med klare grenser for kor ein kan og ikkje kan bygge. På lengre sikt skal utviding av nye bustadsområder skje austover mot Sandnes og Sviland.  Alle dei tre jærkommunane Klepp, Time og Hå, har forplikta seg til å følgje planen.

- Den legg opp til ein ny måte å tenke bustadbygging på, meiner leiar for lokal utvikling i Klepp kommune, Arild Berge Skjeveland. Nå bygger vi tettare enn før, både når det gjeld nye bustadfelt og betre utnytting av plassen på områder som allereie er utbygd. Dermed treng vi ikkje i like stor grad å ta i bruk nytt areal. Det er viktig å ikkje rasere det mest effektive landbruket i landet, understrekar Berge Skjeveland, som for øvrig er Senterpartimann.

 

Samtlege av dei tre jærkommunene  har  starta, eller skal til å starte, på arbeidet med å utarbeide nye kommuneplanar for dei neste fire åra. Her blir det bestemt kor mykje nytt areal som skal brukast til bustadbygging. Alle forsikrar om at dei følgjar fylkesdelsplanen, og at lite ny produktiv jord skal ofrast til husbygging. Om bøndene ikkje slår seg til ro med det, får dei trøyst frå avtroppande landbruksminister Lars Sponheim. Han har uttalt at det er ei nasjonal målsetting at forbruket av dyrka mark til utbygging skal reduserast med femti prosent innan 2010.

Dei første bustadane på Kleppestemmen skal etter planen stå ferdig i løpet av 2007.  Dei framtidige bebuarane får i alle fall god jord til å plante blomar i.

Redaktør -

Nyheter

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende dikt

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende ...

Anne Fossen, en 52 år gammel musiker, ...

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Elise Fotland er en søkende, sensitiv ...

Like om hjørnet

Like om hjørnet

Ikke la mandagen slukke lyset ditt

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

Ny bok frå Aleksander Brun: «Under Huda» ...

Tårer på strå

Tårer på strå

Tårer på strå handler om å ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...