Arbeiderpartiets ordførerkandidat i Time
52 år, gift, har to voksne søner. Har vore lærar i mange år, nå rektor ved Hognestad skule. Har budd på Bryne sidan 1976. Er interessert i sang, musikk, turliv og hagestell.
Hjartesakene:
- Skuletilbodet må vera i takt med bustadutbyggjinga, og det er viktig at barn og unge må få tilbod som fører til trivsel og utvikling.
Alle eldre og funksjonshemma må få eit godt tilbod. Eg vil arbeida for sjukeheim på Kvernaland.
Nærings- og arbeidslivet må og få gode kår, det vil seie vegar, næringsareal, og sist, men ikkje minst ”fair” behandling.
Kvifor bør eg bli ordførar i Time?
- Eg har lyst å bli ordførar fordi eg trur at meir til fellesskapet, mest til dei som treng mest, er noko som kan gje folk eit betre liv. Eg vil vera lett å treffa, ha treffpunkt utanfor rådhuset.
Nå har eg ein del erfaring, difor trur eg at eg kan tala folk sin sak innad i kommunen, eg trur eg kan profilera Time kommune på ein god måte på Jæren og i Stavangerregionen. Eg ønsker å vera ein leiar som ser at dei politiske vedtaka blir følgt opp.
Redaktør -