Olaus Gjøse og Helge K. Strand står i bresjen for bokprosjektet
Det er planar om å skrive ei ny bok som skal omhandla mangt og mykje i frå Hølebygdene. Ja, det er ikkje berre planar. Ein komité er alt i gang med å utforme boka. Dei kallar seg Sogelaget for Hølebygdene.
Olaus Gjøse og Helge K. Strand står i bresjen for prosjektet.
Er det heilt nødvendig med ei ny bok for Hølebygdene?
- Ja, det meiner vi bestemt at det er.
Men det var eit bokprosjekt for nokre år sidan, det gjekk ikkje så bra. Kvifor skal dette lukkast betre?
- Vår gruppe består av motiverte og entusiastiske personar som deler oppgåvene. Vi ser allereie no at bygdefolket spelar på lag med oss. Det kjem både fotografi og forteljingar til oss, og resultatet vert sikkert ei bra bok.
Klar i 2012
Når vert boka ferdig?
- Me satsar på at det vil ta eit par år, og at den er klar i siste halvdelen av 2012.
Til slutt, kva skal boka handla om?
- Heilt eksakt er ikkje det bestemt i dag. Me vil ha med tekst og bilete om mykje av det som føregjekk i Hølebygdene i førre århundre. Me har spreidd ein foldar til fastbuande og hyttefolk i bydelen med oppfordring om å bidra med stoff. Difor kan resultatet verte ei bok om bygdene av innbyggjarane.
Tom Gaudland