Enok Lauvås ved Kokkahytta.
Historien om Kokkahytta
Frå Halvardsvingen kan ein sjå ei hytte på toppen av Øykjafjellet. Den ligg lunt til mellom høge grantrer.
Hytta stod sentralt i tyskarane si verksemd under krigen.
Hytta vart bygd av stavangermannen Abel Lund i 1923. Han hadde då ein sjuk gut med tuberkulose. Det var berre frisk luft som var legedom i den tida. Den 10 år gamle guten døde dessverre før hytta var ferdig. Hytta på fjellet vart same året solgt til familien Kokk, som eig den framleis. På folkemunne kalles fjellet i dag for Kokkafjellet.
Høgt utdanna
I 1941 kom tyskarane til Bersagel. Det var høgutdanna personal som skulle betjena ein peilestasjon. Tyskerane tok seg husvere på fleire gardsbruk. Etter kvart kom der fleire, og dei bygde derfor ei stor brakke på Hammer like ved gartneriet. Ein vaktpost med stor kikkert på stativ vart plassert på Loddaberget, akkurat der huset til Anne står (ovanfor sjøhusene og kaien i Bersagel).
Kokkahytta passa godt
Tyskarane oppdaga fort Kokkahytta på fjellet, som var ein super plass til deira formål. Dei tok hytta og brukte den til vaktbolig. Vaktposten der var litt vest for hytta.
Ein steinmur vart lødd opp som ein hestesko. Der stod dei i ly for ver og vind, med stor kikkert som dekka det meste av Ryfylke. Kokkahytta og stasjonen på Bersagel hadde telefonisk forbindelse. Tyskerane hadde ingen kraftige skyts, men bare håndvåpen.
Brant i 1943
Vinteren 1943 brant hytta opp. Det var ein tidleg morgon at Kokkahytta stod i full fyr. Overfyring i ovnen var årsaken.
Same året vart hytta bygd oppatt. Det var byggmester Tunem som stod for arbeidet.
Ein del bygdafolk, også kvinnfolk, såg mon i å tjena gode pengar med å bera materialen til fjells. Det var fleire som kunne gå fleire turar på ein dag. Det var tyskarane som betalte.
Tyskarane overtok hytta igjen, men berre for ei kort stund. For i 1944 pakka dei utstyret sitt og forsvant.
Søkte tilflukt
Historien om Kokkahytta er ikkje slutt, for etter fredsdagane, den 8. mai 1945, var det ein tysk offiser som hadde rymt fra ein forlegning og søkt tilflukt i Kokkahytta. Der levde han på gamal proviant, til det tok slutt. Så måtte han ha mat, og tok seg ned i bygda og braut seg inn i hyttene ved Brannheimen. Der fann han hermetikk.
Sedd av fleire
Tyskaren med den side frakken vart sedd av fleire i bygda. Det var dei som trudde det kunne vera den berykta sadisten Høllscher, som var på loffen, og kontakta derfor lensmannen.
Lensmannen var straks på plass. Han fekk med seg nokre karar, blant dei var far til Kari Ims. No skulle han arresterast. Gjengen med lensmannen i spissen, gjekk opp i Tree. Tyskaren gjekk opp mot skogen på Hammar. Gjengen var så vidt komme til skogkanten, då tyskaren fyrte av ein skuddsalve frå eit automatvåpen mot dei. Alle heiv seg ned, og låg lenge i skjul bak stubbar og steinar før dei våga seg nedatt, same veg dei kom opp.
Heimevernet kalla inn
Lensmannen kalla då inn Heimevernet med våpen, og organiserte søket etter tyskaren. Det vart kveld og det vart mørkt. Rasmus Bergsaker var med som kjentmann. Han var bevæpna med eit mausergevær.
Det kom spørsmål fra ein av soldatane: «Skal vi ha håndjern med oss?» «Nei», sa lensmann Espedal, «me bruke ikkje håndjern på døde folk».
Kokkahytta var målet for søket. Dei kringsette den og fyrte fem skudd gjennom hytta. Ingen kom ut, og ingen var i hytta. Tyskaren vart aldrig funnen.
Hølscher vart seinare gjenkjent ved Arendal. Der tok han sitt eget liv.
Fleire stasjonar
Det er registrert fleire lyttestasjonar i ytre Høgsfjord: Ein ved Karmel i Riska, ein på Haualand, og ovanfor kaien i Bersagel, og peilestasjonen på Kokkafjellet, med telefonlinje ned til bygda.
Det var ubåthavn i Hølen, der det er fotografert fleire ubåtar ved kai.
Ubåtar ved land i overflatestilling er sårbare, og kravde overvaking over området, og må kunne sjåast i samanheng m.a. vaktbåt ved Teistholmen og inne ved Ådnøy.
Redaktør -