Nokon kvar kan bli freista til å fly når ein ser ein sommarfugl flagre gjennom lufta. Gekkoen Arne er ikkje noko unntak, men han manglar noko vesentleg. Vengjer. Mona Fossdal (42) har skrive og illustrert boka «Gekkoen Arne og den prikkete paraplyen.
Mona Fossdal er grafisk designar, illustratør og lærar i formgjeving på Mo og Jølster vidaregåande skule i Sogn og Fjordane. Ho har tidlegare på 90-talet illustrert boka «Jovisst har dyrene sjel II» av Margit Sandemo, men med boka «Gekkoen Arne og den prikkete paraplyen», står ho for første gong for både tekst, illustrasjonar og design.
-Eg får delvis nytta utdanninga mi som grafisk designar og illustratør når eg underviser i faga mediefag, design og kunstfag ved linjene Medium og kommunikasjon, og ved Studiespesialiserande med Formgjevingsfag, men det har likevel vore svært spennande å arbeide med eit prosjekt som dette heilt på eiga hand, seier Mona Fossdal.
Ideen kom flygande
Ideen til boka om den vesle gekkoen som så gjerne vil fly, kom ganske brått og tilfeldig til den nybakte forfattaren.
-For ei tid tilbake så fekk eg plutseleg ideen til boka om Gekkoen Arne. Kvifor hovudpersonen Arne akkurat blei ein gekko i forteljinga mi er eg ikkje heilt sikker på, men det har kanskje noko med at dette vesle dyret er litt uvanleg og eksotisk, og at namnet gekko kling så fint. Gekkoar ser både litt rare og søte ut, synes eg, og det at gekkoar held til i tropiske strok passa godt til jungel-ideen min, fortel ho.
Mona Fossdal valde å setje i gang straks ideen og inspirasjonen var på plass. Historia vaks seg på ein måte fram av seg sjølv.
- Forteljinga blei til litt etter kvart, og medan eg skreiv byrjinga såg eg framleis ikkje heilt føre meg korleis slutten på forteljinga ville bli. Det gjer at eg heller ikkje har fokusert spesielt verken på ein underliggande moral eller eit pedagogisk innhald i denne boka, men håpar at forteljinga først og fremst er underhaldande – og kanskje litt spennande - for dei minste, satsar ho på.
Gode tilbakemeldingar
-Korleis arbeidde du som er designar og illustratør med boka? Skreiv du teksten først, eller starta du med illustrasjonane?
-Illustrasjonane starta eg ikkje med før heile forteljinga var ferdig skriven, men medan eg skreiv, såg eg heile tida føre meg forteljinga i bilete. Forteljinga kom eigentleg ganske raskt på plass. Eg skreiv eit lite avsnitt, la det til side – men måtte stadig fram igjen med teksten for å fortsette på forteljinga. Seinare, då heile forteljinga var skriven, så nytta eg mykje tid på finpuss av både teksten og illustrasjonane.
-Kva la du vekt på då du laga illustrasjonane?
-Den siste fasen, med å lage illustrasjonane og å kombinere tekst og bilete var både morosam og spennande, og her fokuserte eg på fargerike illustrasjonar – som får fram assosiasjonar til ein fuktig jungel, skildrar Mona Fossdal.
-Kva seier dei første tilbakemeldingane etter utgjevinga?
-Så langt har eg fått mange positive tilbakemeldingar i frå både foreldre og besteforeldre som har kjøpt boka, og som har lest forteljinga til sine små. Det er utruleg kjekt å få høyre at borna liker boka, og nokre av dei aller minste som har fått høyre forteljinga har no også lært seg å seie ordet «gekko», forsikrar ei smilande Mona Fossdal.
-Eg har allereie nokre nye idear som eg puslar på med, så kanskje kan det om ikkje så altfor lenge dukke opp ei ny bok, legg ho løyndomsfullt til.
Trivst i Jølster
Mona Fossdal kjem opphavleg i frå Vaksdal i Hordaland, men i 1995 flytta ho til Jølster i Sogn og Fjordane. Då var ho 25 år gammal og hadde tatt utdanning som grafisk designar og illustratør (grunnstudium og hovudfag) ved Kunsthøgskulen i Bergen.
-I Jølster var det utlyst ei lærarstilling innan formgjevingsfag ved Mo og Jølster vidaregåande skule, og eg tenkte at det kunne vere spennande å prøve ut dette yrket for ein kort periode. Dette er over 16 år sidan, og framleis arbeider eg som lektor på den same skulen, så her fann eg meg svært godt til rette, konstaterer ho med eit smil.
I åra etter har ho tatt meir utdanning, blant anna pedagogikk/lærarutdanning ved Høgskulen i Sogndal og studert kunsthistorie/arkitekturhistorie og medianett/nettpublisering ved Universitetet i Bergen. Ho har også studert IKT i Formgjevingsfag ved Høgskulen i Sør Trøndelag, webdesign ved Høgskulen i Bergen og teke eit IKT-studium ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Redaktør -