Årboka som du held i hendene, har fått tittelen «Kvinnestemmer». I år markerer Stemmerettsjubileet at det er 100 år sidan innføringa av allmenn stemmerett i Norge.
I dag er dette sjølvsagt i vår del av verda, men for 100 år sidan var det ikkje slik. Den stegvise utvidinga av stemmeretten for kvinner fram mot innføringa av allmenn stemmerett i 1913, er ein milepæl verd å minnast.
Det er difor naturleg å la «Kvinnestemmer» tala i denne årboka. Gjennom historiene til 20 kvinner, busette i Sandnes, får me del i kvardagsliv og opplevingar. Utvalet av kvinner gir seg ikkje ut for å vera representativt, men historiene blir ikkje mindre interessante og verdfulle av den grunn.
Dei eldste kvinnene nærmar seg 100 år og har opplevd utvikling og store samfunnsendringar i landet i denne perioden. Mange av dei som vaks opp og var unge i 1920- og 1930-åra, visste godt kva fattigdom og sjukdom var. Tuberkulosen herja i mange heimar, og fleire døydde i ung alder. «Dei harde trettiåra» med arbeidsløyse, tvangsauksjonar og flytting frå gard og heim, var også ein del av livet og kvardagen for mange. Likevel synest det ikkje som slit og problem har dominert kvardagen til desse kvinnene. Her er livsglede, humor, pågangsmot og engasjement i rikt monn!
Nokre av kvinnene måtte tidleg ut i arbeidslivet, andre kunne velja skule og vidare utdanning. Me møter dei på typiske kvinnearbeidsplassar og i meir utradisjonelle karriereval. Her er einslege, me møter bondekona, heimeverande husmødrer og dei som kombinerte yrkeskarriere og familieliv. Det frivillige engasjementet har vore stort og sterkt og gitt mange varige og synlege resultat. Fleire av kvinnene har engasjert seg aktivt og sett spor etter seg i politikken.
Det er Torbjørg Sægrov og Sigmund Alsvik som står bak presentasjonen av dei 20 kvinnene. Dei har gjennomført eit imponerande arbeid. Gjennom tekstar og foto formidlar dei kvinneportrett som gir lesarane spennande og varierte livshistorier og tidsbilde frå om lag 1920 og fram til i dag. Viktig kvardagshistorie frå vår nære fortid blir levande og nær. Kvinnene som deler sine historier og tankar med lesaren, fortener også ein stor takk.
Redaktør -