Mangfaldig program ved Skipper Worse Ledaal

22.09.2005
Mangfaldig program ved Skipper Worse Ledaal
Mange spennende nyheiter på kursfronten hos Skipper Worse. Her frå eit datakurs i fjor.

I haust kan kurs- og aktivitetssenteret by på mange spennande nyheiter. Mellom anna vert det kurs i spansk konversasjon, matkurs for menn og skrivegruppe.

Skipper Worse Ledaal har også inngått eit samarbeid med Reins Foto, der Rein Øverland vil halde kurs i bruken av digitalkamera. Kurset går på dagtid og varer i tre timar. Det einaste kravet som vert sett, er at alle har med seg sitt eige kamera. Eit tilsvarande kurs vert halde i bruk av mobiltelefon. Her er det Telekiosken som er ansvarleg.

Eit anna heilt nytt kurs er kurset i matlaging for menn. Her får deltakarane lære å lage enkel, spennande og velsmakande kvardagsmat. Det vert hovudsakleg teke utgangspunkt i god gammaldags husmannskost. Kurset avsluttast med ein tre rettars festmiddag. Kurslærar Edith Sikveland held kurset over seks gonger à tre timar, og kursstaden er Eiganes skole.

For dei som vil trene spansken sin, kan Skipper Worse Ledaal no tilby kurs i spansk konversasjon. Frå før har senteret kurs i spansk for nye og vidarekomne. Kurslærar for spansk konversasjon er Teresita Nunez-Sørbø, og kurset vil gå over 12 gonger à to timar.

For dei som likar å bruke blyanten, kan ein i haust velje kryssordkurs og skrivekurs. På kryssordkurset kjem deltakarane saman og løyser kryssord i fellesskap. Det er samling kvar måndag klokka 10.00.
Det nye skrivekurset er for dei som gjerne vil vidareutvikle seg sjølv som skribentar, og som ønsker å møtast i eit fellesskap for å gi og få konstruktiv tilbakemelding undervegs. Deltakarane møtast annankvar måndag klokka 18.00.

I tillegg til desse kursnyheitene har senteret kurs og aktivitetsgrupper med meir enn tjue ulike tema. Alle kurs og aktivetsgrupper er opne for alle aldersgrupper. Du kan lese meir om tilboda på www.skipper.worse.no

Redaktør -

Stikkord i denne artikkelen
Skipper,

Nyheter

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende dikt

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende ...

Anne Fossen, en 52 år gammel musiker, ...

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Elise Fotland er en søkende, sensitiv ...

Like om hjørnet

Like om hjørnet

Ikke la mandagen slukke lyset ditt

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

Ny bok frå Aleksander Brun: «Under Huda» ...

Tårer på strå

Tårer på strå

Tårer på strå handler om å ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...