Bli bøsseberar – gå ein annleis søndagstur!

22.09.2005
Bli bøsseberar – gå ein annleis søndagstur!
Gro Elise Christiansen og Kjerstin Ropei

Det er behov for mange bøsseberarar til TV-aksjonen 23. oktober, og det er behov for folk i alle aldrar. No vert folk som bur i blokker, særskilt oppfordra til å melde seg

- Ja, det har vore slik at vi tidvis har hatt problem med å få kome inn i blokkene under aksjonane. Dersom vi får bøsseberarar frå blokkene sjølv, vil nok bebuarane kjenne seg tryggare, seier Kjerstin Ropeid. Saman med Gro Elise Christiansen står ho i spissen for organiseringa av aksjonen i Eiganes og Våland bydel.
Men til den store bydelen trengst det bøsseberarar frå alle kantar og i alle aldrar. Og sidan somme likar å gå saman, lovar Ropeid at ikkje nokon skal kome forgjeves.
- På aksjonsdagen legg vi vekt på at alle skal ha ei hyggeleg opple-ving. På dei fire stasjonane våre vert det alltid hyggeleg drøs, varme pølser, brus og kaffi. Borna som er med vert også godt tekne i mot. Når folk kjem inn att, er dei jamt over svært positive og blide og har hatt ei god oppleving, fortel Ropeid.
Ropeid fortel om eit stort frivilleg apparat som vert mobilisert kvart år for å kunne gjennomføre innsam-linga til TV-aksjonen. Forutan dei fleire hundre bøsseberarane har Norsk Folkehjelp teke seg av alt det praktiske med sjølve bøssene. Eiganes og Våland bydelsutvalg har vore organisator i mange år.
- Nordmenn er veldig gode på å gi til gode formål, og det vil alltid finnast gode formål. Ikkje alt kan dekkast med å betale skatt. Og om ein ikkje kan gi pengar, kan ein kanskje gi av tida si. Særskilt med tanke på kor godt vi har det her i Norge, er det kjekt å yte ein innsats for andre, seier Kjerstin Ropeid
Årets TV-aksjon
Årets TV-aksjon har fått namnet Drømmefanger, og fokuserer på å bekjempe vald mot kvinner. Tal viser at så mange som kvar tredje kvinne i verda vert utsett for seksu-elle overgrep eller vald i løpet av livet. Valden finst over alt, men det gjer ikkje hjelpetiltaka. Der det er størst fattigdom, er tilboda med hjelp dårlegast. Kvar historie er unik anten ho skjer i Latin-Amerika, Afrika eller i Norge. Men likevel finn ein likskapstrekk. For dei som er ramma, ber på den same draumen: Å kunne vakne kvar morgon til ein kvardag utan vald.

Tv-aksjonen vil difor samle inn pengar til prosjekt som gir kvinne-ne mulegheita til å skape eit betre liv.

På nettsidene til NRK er det lagt ut fire historier om kvinner som har vore utsett for vald. Martha Seloane er ei av kvinnene:
” – Han begynte å banke meg opp. Hver gang lovte han at han aldri skulle gjøre det mer. Han sa han ikke visste hva han gjorde. Hver gang trodde jeg på ham. Og hver gang tok jeg feil. Han slo og bet meg rett foran øynene til mine foreldre, og kalte meg «heks, akku-rat som din mor». Han truet med å brenne ned huset og kutte strupen over på barna.” ten på slutten av marerittet.

Du kan lese døme på fleire sterke historier på www.nrk.no/tvaksjo-nen Kjelde: TV-aksjonen/NRK

Redaktør -

Nyheter

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende dikt

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende ...

Anne Fossen, en 52 år gammel musiker, ...

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Elise Fotland er en søkende, sensitiv ...

Like om hjørnet

Like om hjørnet

Ikke la mandagen slukke lyset ditt

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

Ny bok frå Aleksander Brun: «Under Huda» ...

Tårer på strå

Tårer på strå

Tårer på strå handler om å ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...