Gro Elise Christiansen og Kjerstin Ropeid
Eiganes og Våland bydel hadde nærare 130 bøsser ute under TV-aksjonen, men endå fleire var bøsseberarar sidan mange går fleire i lag. Kjerstin Ropeid i bydelsutvalet meiner det er viktig at borna tek del i aksjonen.
- Ja, dei er viktige for å få til denne dugnaden. Born som har vore med foreldre eller andre vaksne, oppfordrar ofte dei vaksne rundt seg til å delta ved neste aksjon. Mange held også fram som bøsseberarar når dei sjølv er gamle nok til å gå åleine, fortel Kjerstin Ropeid.
I år kom det inn kr 278 569,50 i bydelen, og Eiganes og Våland vart dermed på ”andreplass” blant bydelane i Stavanger. Berre Hinna bydel samla inn meir, litt over 7000 kroner meir.
- Vi er svært godt fornøgde med årets resultat. I ei tid med stor nød i verda, ikkje minst i Pakistan, støttar folk i bydelen også opp om TV-aksjonen. Dei fleste av oss i Noreg er rike, og viser her at vi kan støtte fleire som treng hjelp samtidig. Det er svært flott å sjå at det går an i praksis.
Kvelden før aksjonen var komitèen usikre på om dei ville klare å dekke opp alle rutene med nok bøsseberarar – mange måtte nemleg melde avbod.
- Men på aksjonsdagen møtte det opp mange som ville gjere ein innsats for ei viktig sak, som vi ikkje hadde snakka med på førehand. Dermed klarte vi å dekke det meste av bydelen. I tillegg ville Domkirken sykehjem ha ei bøsse, slik at bebuarane kunne gi. I Ynglingen var det kunstutstilling, og ei bøsse utplassert, slik at dei besøkande hadde høve til å gi der. Vi er svært fornøgde med årets aksjon – no kan vi sjå fram til ny innsats for " Leger uten grenser" i 2006, seier Ropeid.
Redaktør -