Det var berre kjekt!

03.11.2005
Det var berre kjekt!
Karina Fuglestein på snart 10 år, og Lisa Alexandra Jarli på snart 11

På tv-aksjonens stasjon i NMS-bygget, strøymde det på av glade bøsseberarar og fulle bøsser. Mange syntest det var kjekt å gå ein søndagstur til nytte for andre.

- Vi som bur i Noreg og har det så godt – dette er det minste vi kan gjere! meiner Anne Gine Weberg. Ho har ei dotter i Kampen skolekorps og hadde fått spørsmål om ho kunne tenke seg å stille som bøsseberar.

 - Skulle berre mangle. Og søndagstur går vi jo uansett, smiler Weberg. Ho fortel at utan unnatak var alle ho ringde på hos, positive til aksjonen.

 - Fleire eldre sa også at dei hadde venta på oss, seier Weberg.

 

 - Berre kjekt!

Karina Fuglestein på snart 10 år og Lisa Alexandra Jarli på snart 11 var to andre entusiastiske bøsseberarar. Dei hadde gått saman med vaksne tidlegare år.

 - Vi ville gå åleine i år, vi tenkte at det ville bli kjekt.

- Og det var det?

- Ja, det var ikkje skummelt, det var berre kjekt. Det var nokon som sa at det ikkje passa, men dei fleste ville gi. Det var dessutan mange som syntest holet i bøssa var for lite! Dei stressa litt med å få ned myntane.

- Kor mykje ga folk, då?

- Det varierte ein del, men det vart mykje 100-lappar og 200-lappar, seier dei to blide bøsseberarane.

 

På stasjonen i NMS-bygget var det Signe Sirevaag Thorsen og Per Inge Torkelsen som heldt kontrollen over bøsser, bøsseberarar, ruter og kart. På kjøkkenet hadde Elin Larsen steppa inn i kjøkkenteneste, og sytte for varme pølser, kake, kaffi, brus og godteri til bøsseberarane etterkvart som dei kom inn. I alt var det fire stasjonar i bydelen, på Stokka, Kampen, Våland og Eiganes.

- Vi har 35 bøsser ute frå denne stasjonen, men ein del går fleire i lag. Kampen skolekorps stilte med om lag 10 bøsseberarar, og elles er det folk frå menigheiter og enkeltpersonar, fortel Sirevaag Thorsen. I likskap med Per Inge Torkelsen er ho med på organiseringa av TV-aksjonen, sidan ho sit i Eiganes og Våland bydelsutvalg. Torkelsen synest det er berre flott å vere med:

- Det er jo fort gjort! Og folk er så positive at jobben vår blir veldig lystbetont, seier Torkelsen.

Redaktør -

Nyheter

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende dikt

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende ...

Anne Fossen, en 52 år gammel musiker, ...

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Elise Fotland er en søkende, sensitiv ...

Like om hjørnet

Like om hjørnet

Ikke la mandagen slukke lyset ditt

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

Ny bok frå Aleksander Brun: «Under Huda» ...

Tårer på strå

Tårer på strå

Tårer på strå handler om å ...

Det hendte

Takk for at du gjorde meg så fine…”

En baker kan stundom ikke tenke seg livet ...

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

Varemagasin vakte ”opsikt viden om”

For første gang skal gi mang en ting ...

Da byen var en varemesse verd

Det finnes i hvert fall ett byhistorisk eksempel ...

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Søndagsskolen som var hverdagsskole

Det er ikke alltid at tingene er som de synes ...

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Seilskuter som aldri fikk sin sang …

Noen rimsmeder har med betydelig alvor forsøkt ...