Eiganes helsestasjon i Løkkeveien tek seg ikkje berre av nyfødde og småbarn i bydelen. Forutan å vere helsestasjon, er no heile jordmortenesta i Stavanger kommune samla i dei same lokala.
Etter eitt år i nye lokaler, opplever Eiganes helsestasjon enno at folk møter opp på gamleadressa. Særleg har dette vore tilfelle for dei med 4-5åringar som ikkje går til kontroll så ofte. Den rette adressa i bydelen er Løkkeveien 17. Her finn ein også jordmortenesta for heile byen. - Helsestasjonen i bydelen flytta inn i dei nye lokala i januar i fjor, og litt etter litt flytta alle jordmødrene i Stavanger kommune også hit. Samling av jordmødrene har gitt ei meir robust og fleksibel teneste. Ved at fleire jobbar saman har vi også styrka
tenesta fagleg, fortel Grethe Groven, leiar ved Eiganes helsestasjon.
Valmulegheiter Jordmortenesta i Stavanger kommune samarbeider med fastlegane, og saman har dei laga Stavangermodellen. Den går ut på at den gravide tek den første konsultasjonen hos fastlegen og den andre konsultasjonen hos jordmor. Etter dette vel ho sjølv kvar ho vil gå.
- Åtte kontrollar er normalen, men ein kan få fleire kontrollar ved behov, seier Groven. - Opplever de at nokon er negative til sentralisert jordmorteneste? - Vi har fått nokre ytterst få merknader om det. Dei aller fleste synest det er praktisk at vi ligg så sentralt til. Mange har t.d. lege eller jobb i sentrum, og er her likevel, sjølv om dei bur i bydelane lengst vekk. Vi har dessutan svært gode parkeringsforhold, sidan vi praktisk tala held til nokre etasjar over St. Olav- parkeringshuset. No kan også dei gravide tinge time via nettet; på , fortel Groven.
Barselgrupper i bydelane Men sjølv om jordmortenesta er sentralisert, finst det framleis 9 helsestasjonar ute i bydelene som vert nytta etter barnet er kome. Når dei ulike helsestasjonane har barselgrupper, forflyttar jordmødrene i Løkkeveien seg ut i bydelane. Barselgruppene på helsestajonane har noko ulike opplegg. - Her ved Eiganes helsestasjon har vi barselgrupper med jordmor den første gongen, helsesyster den andre gongen og fysioterapeut tredje og fjerde gongen. Etterkvart vert det mindre behov for å organisere gruppene – mange møtest på eige initiativ etter å ha blitt kjende i barselgruppene på helsestasjonen, fortel Groven. Vel ein å berre gå til legekontrollar i svangerskapet, vert ein likevel ikkje gløymt av helsestasjonen. - Uavhengig om den gravide har gått til jordmor eller lege i svangerskapet, tek vi kontakt med alle nybakte foreldre når vi har motteke fødselsmelding. I Eiganes og Våland bydel er det om lag 300 nyfødde som kvart år soknar til helsestasjonen, fortel Groven. Bilettekst: Samla fagkompetanse: I Løkkeveien 17 held både Eiganes helsestasjon og Jordmortenesta i Stavanger til. Jordmødrer og helsesystrer sørger for å ivareta mor og barn – både før og etter fødselen
Redaktør -