Frå Luradagene 2004. Arrangementet var noko for ein kvar smak, men fekk dårleg besøk på grunn av regnet.
Fjorårets arrangørar har valt å ta ei pause med Luradagene i år. Helge Mønnich, Lura IL sin representant i Luradagene, seier dei såg seg nøydde til å avlyse. Altfor få ville hjelpe til.
- Vi kalla inn til møte allereie i februar. Men oppmøtet var heller dårleg, det var få som møtte opp. Vi
i Lura IL har også sendt ut fleire skriv om å prøve å få til arrange-mentet, men responsen har uteblitt, seier Helge Mønnich.
Mønnich fortel at det no vert vur-dert å finne andre måtar å arrangere dagane på.
- Vi vil sjå på alternative måtar å arrangere på, for vi vil gjerne ha eit arrangement som dette i bydelen vår. Det skaper entusiasme og mange får vist kva som rører seg i bydelen, seier Mønnich.
Mønnich seier at for Lura IL har det vore eit flott høve til å profilere idrettslagets aktivitetar.
- Vi har fått vist det mangfaldige tilbodet vårt til eit breitt publikum.
Gammal som ung har fått sett kva vi held på med, fortel Mønnich.
- Kva trur du er grunnen til at så få har meldt si interesse?
- Det er ikkje til å stikke under ein stol at det er mange av dei same som er med og drar lasset kvar gong. Eg trur dette er medverkande til at så få har møtt opp på planleggingsmøta for Luradagene, seier Mønnich.
- Kjem Luradagene tilbake neste år?
- Det vert i alle fall ein pause i år. Eg håper og trur at Luradagene vil kome tilbake. No må det tenkast nyskapande, både i alternative måtar å arrangere på, og med nyskapande aktivitetar, avsluttar Mønnich.
Redaktør -