Frå venstre: Olav Bakka, Sara E. Sandvik, Kine Birkeland, Dyre Nessa. Bak: Hjalmar Sæbø, Dag Jostein Veka, Bjørn Benninghoff, Geir Brustveit, Jørn Helge Vatland, Ivan Solbakken. Framme: Elise Eide Andreassen, Maiken Birkeland. Ikkje til stades: Valbjørg Østebø, Stian Hetlelid, Leif Harald Jørmeland og Trond Jarle Breiland
I vinterferien fekk Suldal hjelpekorps sin ”snøscooterpatrulje” betalt for å ha øvd i utfordrande terreng under fjorårets scooterkurs. Søndag fekk desse, og fleire nye, kjørt seg i fjellsidene.
Hjelpekorpset erfarer at ulukkene skjer ikkje alltid midt i løypene, og kursleiar Ivan Solbakken trur ikkje at dei hadde tatt på å henta ein skada person i styggbratt terreng under Grønhovet utan spesialtrening. Slik dei gjorde i vinterferien. På ein plass mange påstod det var uframkommeleg for snøscooterar.
Årets kurs sist helg samla folk frå nabobygdene i tillegg til gamle og nye snøscooterførarar frå eigne rekkjer, 16 i talet. Denne gongen rusa jentene fram og Solbakken skryt av at dei nesten forbikjørte karane.
Første dag var sett av til grunntrening i området Gamlaskar mot Natlandsnuten. Terreng som gav nok av bakkar til å trena både skråkjøring og bakkekjøring i. Neste dagen flytte ekvipasjane seg over til andre sida av dalen. Her fann dei snøholer der det var enkelt å kjøra seg fast, men langt vanskelegare å koma seg ut av. Som oppgåva var. Høgdepunktet, bokstaveleg tala, var turen til toppen av Reinsnuten der ein stolt gjeng let seg avbileta saman med varden.
Personar som skal køyra oppdrag for Suldal Rødekors må ha førarkort for bil eller traktor og skal ha fylt 18 år. For å kunna rykkkja ut åleine må dei i tillegg ha hjelpekorpskurs og vinter-C-kurs.
Nå står korpsmedlemmene endå betre rusta til å møta utfordringane påskeferien i fjellet byr på. Då er hjelparane parate. Som vanleg.
Redaktør -