Ivan Solbakken og Geir Brustveit har ein heil gjeng som ønskjer å vera med i bergingsbåten.
25 gamle og nye medlemmer i Suldal Røde Kors har meldt seg til elveredningsteneste. Nå spørst det om andre vil hjelpa økonomisk.
For så langt har Suldal Røde Kors tært på eigne midlar i planleggingsfasen. Tidlegare har lokalt næringsliv bidratt til kjøp av båt og hjelmar. Men det trengst meir pengar til drift og innkjøp av materiale. Røde Kors presenterer eit budsjett som viser dei har behov for 350.000 kroner i oppstartingskapital og 50.000-60.000 i årleg drift. Når spesialgruppa er fullt oppe og går, blir den samarbeidspartnaren til politi, hovudredningssentral og luftambulanse.
- Men det er langt fram, erkjenner Ivan Solbakken, som saman med Geir Brustveit skal driva prosjektet, på frivillig basis. Blant dei 25 som ønskjer å delta i arbeidet, er både nye medlemmer og eldre, passive medlemmer som på ny stiller seg i Røde Kors si teneste.
- Dei er vaksne folk. Me treng deira erfaring og
kunnskap, for det er langt frå ufarleg å driva med redningsoperasjonar i elv.
Tre kurs i vår
Før utgangen av mai skal Suldal Røde Kors ha gjennomført tre kurs; eit i grunnleggjande førstehjelp for nye medlemmer og eit introduksjonskurs i elveredning. Det siste kurset er for dei som ønskjer å gå vidare på temaet: Ei gruppe på 12 personar, der halvparten vil bestå av medlemmer som alt i dag har grunnleggande kunnskap og erfaring.
Kursa går på Sand, men kursleiarane hentar dei frå Rescue 3 Norge, Røde Kors sine eigne instruktørar.
Må bevisa
Deltakarane kan sjå fram til ei travel tid med mange treningsøkter, minimum ei helg i månaden eller tilsvarande ettermiddagsøkter.
- Hovudredningssentralen og mannskapet ved Luftambulansen kjem til å følgja arbeidet vårt nøye dette året, fortel Solbakken, og når den tid kjem, skal dei vurdera om Suldal elveredningsgruppe har tileigna seg tilstrekkeleg teknikk og kompetanse til å bli ein seriøs samarbeidspartnar ved redningsoppdrag.
Redaktør -