Den nye leiaren i beredskapsutvalet i Rogaland Røde Kors meiner behovet for Røde Kors er stort i eit Noreg som har blitt eit internasjoanalt lokalsamfunn.
- Vi har tydeleg fått merke meir og meir korleis internasjonale kriser har fått lokale konsekvensar. Vi har vore der for familie og venner av berørte av tsunami, terroraksjonar og jordskjelv. Dei har fått bearbeidd sorg og fått ein stad å samlast. I slike krisesituasjonar handlar det mykje om å vere til stades. Det er også godt for pårørande å få møte andre i same båt, fortel Svein Grytten.
Røde Kors har også vore til hjelp for å for å få kontakt med familie i dei råka områda. Røde Kors har eit stort internasjonalt nettverk, og kan med hjelp frå dei lokale RK-organisasjonane prøve å lokalisere dei som dei pårørande søker etter.
- Alle menneske – uansett etnisk opphav – kjenner Røde Kors som ein internasjonal og uavhengig organisasjon, og veit at vi er der for dei, seier Grytten.
Beredskapsplanar
Svein Grytten har arbeidd med beredskap på fleire plan, og fortel at kommunane og dei lokale RK-teama har gjensidig nytte av desse planane. Kommunane utarbeider risiko- og sårbarheitsanalysar som er til stor nytte for RK sitt arbeid. Røde Kors kan såleis lettare vurdere kvar dei skal sette inn den supplerande innsatsen.
- Og kommunane har stor nytte av at vi har høg kompetanse, mannskap, utstyr, hus og hytter til innkvartering og lang erfaring, seier Grytten.
- Føler de at kommunane pris på arbeidet de gjer?
- I høgste grad – vi føler velvilje med ein gong vi henvender oss til kommunane. Dei pris på oss, og vi vert også ofte inviterte til samarbeid i bereskapsråd. Vi tek dette som eit prov på at vi er ein anerkjend, kompetent organisasjon, seier Grytten.
Samordning
Medan Røde Kors på landsplan har utarbeidd dokumentasjon og manualar om beredskap, er det dei regionale foreiningane som er dei operative ledda. Noko av Grytten sitt ansvar vert difor å sørge for at dei lokale foreiningane får den nødvendige opplæringa. Han vil snart kalle inn dei lokale beredskapsleiarane til eit arbeidsseminar. Det er også distriktsutvalet som har ansvaret for å koordinere arbeidet dersom fleire lokalforeingar må samordnast. Som nyoppnemnd leiar i beredskapsutvalet i RRK, har han fleire ting han ønsker å ta fatt i. Det eine er å gjere kompetansen på beredskap endå betre kjend.
- Dei fleste kjenner hjelpekorpsa – men fleire av dei andre kompetansefelta våre er mindre kjende. Vi bør profilere oss meir på at vi verkeleg kan beredskap, og at vi kan samordne alle tenestene våre som forpleiing, transport og besøksteneste. Vi må markere oss i samfunnet og stille oss til disposisjon, seier Grytten.
Redaktør -