Sauda og Suldal Røde Kors
Røde Kors lagar ferietilbod for familiar som over tid slit med trong økonomi. Behovet aukar og det er ventelister for å få vera med på Rogalandsleiren.
Dennevekaer11utsendingarfråSaudaog Suldal Røde Kors i full sving med ”Ferie for alle” på idylliske Haraldsvigen ferie-senter ved Kristiansand. Før avreise var den glade gjengen samla på Røde Kors-huset i Sauda for å planleggja årets aktivitetar. Borghild Moe og Ådne Nerheim er dei yngste frå Suldal. Dei skal vera assistentar i lag med dei vaksne leiarane fråSuldal,OddbjørgSandNerheim,Brita Nerheim og Åse Aarsand. Assistentane har vakter, barnetilsyn og hjelper til slik at alle aktivitetane er trygge. Dei vaksne leiaranestøttaroppomfamiliane,slikat dei får ei trygg og innhaldsrik ferieveke. Kvar kveld blir dagen evaluert, og sidan dei fleste har vore med før, er dei ein godt samkøyrd gjeng som veit korleis dei vil ha det. I år reiser 80 deltakarar til Sørlandet og for første gong tek familiar frå Sul-dal del i Røde Kors si ferieveke.
System på kvardagen
På leiren er det lagt opp til to daglege økter. Alt frå strandliv og bading, fisking,
påprogrammet.Detblirlagtstorvektpå at foreldre og barn skal få gode opplevingar, i tillegg til sunne fellesmåltider og faste leggjetider. Mange av deltakarane er fattige på opplevingar.
– Felles måltid, ryddedugnadogvedlikehaldavutstyrog leirplass gir eit godt samhald, meiner hovudleiar for leien, Liv Løland frå Sauda.
- Ungdommane er uvurderlige i slike samanhengar,rosarleiari SuldalRødeKors, Oddbjørg Sand Nerheim.
– Eg får mykje igjenforåveramed,seier ÅdneNerheim.
- Me møter mange skjebnar og det er ei lærerik og sosial veke. Dei same tilbakemeldingane kjem frå deltakarane. Dei stor pris på felles måltid og eit trygt og rusfritt opplegg. Tur til Dyreparken i Kristiansand og avslutningskveld med disko på låven er populære høgdepunkt.
Kommunane gir støtte
Kommunane betalar ein eigenandel på 1500 kroner per person og familiane søkjer om plass via kommunen. Røde Kors i fylket vel ut deltakarane i samråd med hovudansvarleg for leiren. Omgrepet ”Ferie for alle” inneheld eit ferietilbod der heile familiane kan ta del, men eit av kriteria er at minst eit familiemedlem skal vera mellom 6 og 13 år. Rogaland er det einaste fylket som har ferietilbod både sommar og haust. Leiren blir finansiert frå Røde Kors sitt humanitære fond og er ei blanding av etnisk norske familiar og familiar med utanlands bakgrunn. Leiarar og assistentar er medlem av RødeKors og Røde Kors Ungdom.
Redaktør -